Innskriving skule/SFO

Grunnskulen i Etne kommune

Innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2019/2020.

Det vert innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2019/2020

på desse skulane:

 

Enge skule:        28. november kl. 09.00

Skånevik skule:  28. november kl. 09.00

 

Alle born i Etne kommune som er fødde i 2013 eller før, og som ikkje har byrja på skulen, skal skrivast inn.

 

Det kan godkjennast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Like eins er det høve til å søkja om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2019. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.

 

Søknadsfrist for utsett og framskoten skulestart er 1. januar 2019.

 

Påmelding til skulefritidsordninga (SFO) skjer ved søknad på heimesida til Etne kommune. Ein kan søkja frå 15. januar 2019.
Søknadsfrist er 1. mai 2019.

 

Velkommen til skulane i Etne kommune!

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut