Innskriving skule/SFO

Grunnskulen i Etne kommune

Innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2020/2021.

Det vert innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2020/2021 på desse skulane:

Enge skule:        27. november kl. 09.00
Skånevik skule:    4. desember kl. 09.00

Alle born i Etne kommune som er fødde i 2014 eller før, og som ikkje har byrja på skulen, skal skrivast inn.

Det kan godkjennast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Like eins er det høve til å søkja om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2020. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.

Søknadsfrist for utsett og framskoten skulestart er 1. januar 2020.

Påmelding til skulefritidsordninga (SFO) skjer ved søknad på heimesida til Etne kommune. Ein kan søkja frå 15. januar 2020.
Søknadsfrist er 1. mars 2020.

Velkommen til skulane i Etne kommune!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut