Innskriving skule/SFO

Grunnskulen i Etne kommune

Innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2021/2022.

Det vert innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2021/2022 på desse skulane:

Enge skule:        24. mars kl. 09.00
Skånevik skule:  17. mars kl. 09.00

Alle born i Etne kommune som er fødde i 2015 eller før, og som ikkje har byrja på skulen, skal skrivast inn.

Det kan godkjennast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Like eins er det høve til å søkja om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2021. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.

Søknadsfrist for utsett og framskoten skulestart er 1. mars 2021.

Påmelding til skulefritidsordninga (SFO) skjer ved søknad på https://skole.visma.com/etne  
Ein kan søkja frå 15. januar 2021.
Søknadsfrist er 1. mars 2021.

Velkommen til skulane i Etne kommune!

Tips ein ven  Skriv ut