
Grunnsteinnedlegging på Skakkesenteret
Styret i Skakkesenteret inviterte til grunnsteinnedlegging og omvisning. Fylkesmanne var invitert, og stilte med både fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, fylkesrådmann Paul M. Nilsen og opplæringdirektør Inger Øvsthus-Tønder.
Nils Halleland ønska alle velkommen til markeringa som starta i Stødle kyrkje. Her fekk me servert ei framifrå forteljing av Torgrim Mellum Stene. Me fekk høyra om Jorsalferda til Erling Skakke. På Skakkesenteret var det utdeling av utstyr (hjelmar) før me fekk ein rundtur i bygget. Der var lagt inn god underhaldning undervegs med turngruppa til Etne IL og muskk frå Thomas Klungland og Odd Ivar Sande.
Til skrinet, som skal gravast ned i inngangen til Skakke, var det samla inn ulike ting som fortel noko om arbeidet rundet Skakke. Her var m.a. Aviser for dagen, bøker av dei lokale diktarane Olav Vik og Ingvar Moe, teikningar frå born, Skakkekonjakk, kommunevåpen, fylkesvåpenskjold m.m.
Les meir i Grannar og Haugesunds Avis.