Trening

Gruppebasert trening og undervisning

Gruppebasert trening og undervising for deg som står i fare for eller som har utvikla ein livsstilssjukdom.

Tilbodet er for deg som står i fare for eller som har utvikla diabetes type 2, hjerte kar sjukdom, Kols eller overvekt.  Oppfølginga startar og avsluttast med individuell helsesamtale. Undervisinga inneber generell kostundervisning  basert på «Bra Mat» kurset til helsedirektoratet og  tilrettelagt  aktivitet for ulik fysisk form. Til meir diagnosespesifikk undervising har ein blant anna hatt ernæringsfysiolog, lege, fotterapeut og sjukepleiar inne som foredragshalderar.

Kurset går over 10 veker, 2 gonger i veka opp til 2 timar og ledast av frisklivsrettleiar.

Kurs vår 2016:
PLAKAT

Sjå kontaktinformasjon for spørsmål og påmelding.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut