Parkslirekne

Hagerømlingar - hageplantar som blir miljøproblem

Fleire av plantane du har i hagen din kan skade naturmangfaldet om dei kjem seg forbi hagegjerdet og ut i naturen. Fylkesmannen har laga ein brosjyre der du som hageeigar, distributør av plantar eller entreprenør får tips til kva du kan gjere for å hindre spreiing av slike artar. 

Les brosjyren om hagerømlingar

Fylkesmannen i Hordaland har laga eit informasjonshefte om hagerømlingar. Her får du nyttig informasjon om aktuelle artar å vere særskild merksam på, saman med tips om riktig handtering og nedkjemping. Om du ønsker trykt versjon av brosjyren kan du komme innom Fylkesmannen i Statens hus i Bergen og ta med deg eit eksemplar frå resepsjonen. Elles kan brosjyren lastast ned her.

Hageplantar og svartelista artar

Dei fleste hageplantar er innførte frå andre land og verdsdelar, og det er lang tradisjon i Noreg for å importere slike prydplantar. Dei fleste importplantane er ikkje tilpassa vårt klima og jordsmonn, og spreiar seg sjeldan utanfor hagegjerdet. Nokre plantar klarar seg likevel bra og finn vegen ut. Desse er det viktig å vere særleg merksam på.

Innførte artar har i ein del tilfelle vist seg å vere til skade for stadeigne artar i naturen vår. I verste fall kan dei stadeigne artane forsvinne heilt fordi dei blir konkurrert ut, etne eller smitta av dødelege sjukdomar frå dei nye artane. Innførte artar som sprer seg i naturen vår og som samtidig vert rekna for å utgjere ein risiko for dei naturlege artane, hamnar på den såkalla svartelista. 

Ikkje kast hageavfall i naturen og ha kontroll på jorda

Det viktigaste du kan gjere for å unngå å spreie framande skadelege artar, er å unngå å kaste hageavfall i naturen, og å unngå å flytte jordmassar frå ein stad til ein annan – utan å vere sikker på kva jorda inneheld av til dømes røter og frø. Jord infisert med frø og rotbitar skal helst ikkje flyttast på, alternativt leverast til godkjent mottak for varig deponering.

Det er viktig å vite om du har svartelista artar i hagen din, og kor lett dei har for å spreie seg. Planteutsal kan svare på spørsmål om dei ulike plantane sine eigeskapar.

Komposter sjølv eller lever til godkjent mottak

Kompostering kan hindre spreiing av framande skadelege artar, samtidig som du får god kompostjord til bruk i hagen eller parkanlegget. Om du ikkje har plass til å kompostere sjølv, skal alt planteavfall leverast til eit godkjent mottak.

Brosjyre om hagerømlingar - hageplantar som blir miljøproblem

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut