609789_helping_hands

Handlingsplan mot mobbing for skulane i Etne kommune

Skulane i Etne har som mål å hindra at mobbing oppstår.

 

Skulane i Etne brukar definisjonen til Dan Olweus på mobbing :
”Ein person blir mobba når han/ho , gjentekne gonger , og over ei viss tid , blir utsatt for negative handlingar frå ein eller fleire personar”
 
Tiltak når mobbing er oppdaga :
 
-          Vaksne viser handling straks !
-          Informasjonsinnhenting frå lærarar, foreldre, andre.
-          Kontaktlærar blir informert .
-          Kontaktlærar(ane) vurderer situasjonen og avgjer korleis saka skal meldast .
-          Rektor skal alltid informerast om mobbesaker .
 
 
Tiltak når mobbing er oppdaga :
 
1.            Samtale med mobbeofferet .
Kartlegging : Kva har skjedd, kor ofte , kven mobbar , kor skjer dette ?
Korleis opptrer han/ho sjølv i slike situasjonar ?
Kartlegga støttespelarar .
 
2.            Dersom fleire mobbarar er innblanda i saka , skal ein samtala ein og ein med elevane . Det er eit poeng at det ikkje blir gitt beskjed til den enkelte eleven om samtalen , for å unngå ”samsnakking” .
 
3.            I samtalen med mobbaren er hovudpoenget å tydeleggjera at at dette ikkje blir akseptert , og referera til konkrete hendingar . Alvoret må gjerast tydeleg . Det er eit krav at mobbaren går inn i eit forpliktande samarbeid for å få slutt på mobbinga.
 
4.            Oppfølgingssamtale innan ei veke .
 
5.            Separate evalueringssamtalar med både offer og mobbar(ar) kvar for seg .
 
6.            Konsekvensen for mobbaren kan vera : Tap av privilegium , nedsett åtferdskarakter (u-skulen) , restriksjonar på skulen/skuleveg , utvising inntil 3 dagar .
 
7.            Det skal gjerast enkeltvedtak dersom elev eller føresette ber om tiltak i ei mobbesak (jfr. § 9a i Oppl.lova). Kontaktlærar skal informera om retten til enkeltvedtak. Informasjonen skal også ligga på skulen si heimeside.
 
 
Foreldre skal alltid informerast om at barnet deira er innblanda i ei mobbesak . Det skal vurderast i kvar enkelt sak kor aktiv rolle foreldra skal ha .
 
”Skulane i Etne har nulltoleranse m.o.t. mobbing”
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut