Karatevinnarar

Heidra medaljevinnarar

Odd Inge Berge, Beate Hegerland og Hans Kristian Havreberg fekk fortent heider i dag.

10. klassane på Enge skule heidra klassekameraten Odd Inge Berge, som tok sølv i NM i karate. Dei inviterte samstundes dei tidlegare elevane Beate Hegerland og Hans Kristian Havreberg, som vann sølv og gull i sine klassar. Dei fekk helsing frå rektor og blomar og gode ord frå ordførar Siri Klokkerstuen. Etterpå blei det kake og brus til både elevane og dei dyktige medaljevinnarane frå Etne Karateklubb.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut