Helse og Omsorg:

Kommunalsjef Helse og omsorg har ansvar for alle prosessar, all samordning og koordinering innan sitt område, samt interkommunalt samarbeid innan område.  Skal bidra til at organisasjonen blir opplevd som ein samla heilskap, at arbeidet blir bygd på kva som er det beste for kommunen samla sett, og slik at me får mest mogeleg ut av ressursane våre, her er personal oppfylging sentralt saman med optimal turnus planlegging 

Kommunalsjef har særleg ansvar for oppfølging av sine einingsleiar og for fag- og kvalitetsutvikling. 

Einingar/ansvar som ligg til kommunalsjef Helse og omsorg sitt område: 

  • Helse 
  • Pleie og omsorg 
  • Tenestekontor for helse- og omsorgstenester 
  • Miljøretta helsevern der Sauda er vertskommune. 
  • NAV der Vindafjord er vertskommune 

 

Kommunalsjef for Helse og Omsorg er til stades på råda: Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.