Dei fleste vil tole influensa, men me kan være einige om at det er svært ubehageleg med høg feber, muskelverk, hovudverk, sår hals og hoste i opp mot 14 dagar.
Kven bør ta influensavaksinen?
Dei som har ein risikotilstand (sjå lista under) står i fare for meir alvorleg forløp av influensa og me tilrår at alle desse tar influensavaksinen.
- Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
- Prematurt fødde barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, fra 6 månader til 5 år
Barn og vaksne med:
- Kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
- Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
- Diabetes type 1 og 2
- Leversvikt eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- Nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
- Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
I tillegg vil alle helsepersonell med pasientnært arbeid og svinerøkterar bli tilrådd å ta influensavaksinen.
Når og kor kan me ta influensavaksine? Gjeld risikogrupper
I Etne kommune kan du få influensavaksine hos fastlegen din frå veke 44 og framover dersom du har ein legetime og er i ei av risikogruppene.
Du kan bestille deg ein time til vaksinasjon på nett ved å bruke denne lenka: Etne Kommune | ReMin Velg Influensavaksine
Andre som ønskjer vaksina må henvende seg til apoteket.
Etne Apotek vaksinerer på kvardagar kl. 10.00 - 16.00.
Pneumokokk vaksine = Vaksine mot lungebetennelse
Alle over 65 år er tilrådd å vaksinere seg mot pneumokokker (lungebetennelsesbakterier) kvart 10. år
Andre med særskilde kroniske sjukdommar og redusert immunforsvar bør ta pneumokokkvaksine etter råd frå sin fastlege
Les meir her: pneumokokkvaksine_informasjonsark.pdf (fhi.no)
Du kan ta vaksine mot influensa og mot pneumokokker same dag
Kva kostar vaksinen?
Vaksinen er gratis for alle i risikogruppene
Helsepersonell og svinerøktarar får vaksinen dekka av arbeidsgivar
Personar utanfor risikogruppene betalar 250,- kroner for Influensavaksinen
Pneumokokkvaksine: 500,- kr per dose.
Nokre viktige beskjedar:
Ikkje ta influensavaksinen dersom du kjenner deg sjuk, brukar antibiotika eller har feber. Vent til du er frisk igjen.
Vent minst 1 veke mellom eventuell Koronavaksine og Influensavaksinen.
Les meir om Influensavaksinen her: Influensavaksine - FHI
Me vil oppmoda om at alle nyttar munnbind når de kjem til vaksinasjon, og tar på høvelege klede for vaksine i overarmen.
Er du i tvil? Snakk med fastlegen din 😊
For praktiske spørsmål kan du ringe/sende sms til vaksinetelefonen 913 44 955 (open måndag til fredag 08.30-10.00)