Skulehelsetenesta

Føremål med tenesta

KORT FORTALT

  • Fremja psykisk og fysisk helse
  • Fremja gode sosiale og miljømessige forhold
  • Førebyggja sjukdom og skade

Enge skule 

Helsesjukepleiar er på skulen: Måndagar/tysdagar/fredagar.

Skånevik skule

Helsesjukepleiar er på skulen: Måndagar/torsdagar

HFU (helsestasjon for ungdom) i Etne

Onsdagar 11.00-15.00 på helsestasjonen
Helsestasjon/skulehelsetenesta:
Etne 53 75 81 08 / Skånevik 53 75 85 02

Individuelle samtalar

Barn og unge kan få nokon andre vaksne dei kan snakke med. Elevane skal få samtalar der dei blir sett, lytta til og møtt på ein god måte.

Grupper for barn og unge

Hensikta er å få prata med andre i same alder som er i liknande situasjon. På gruppene blir det tatt opp forskjellige tema. Desse kan vera: pubertet, tankar og følelsar, ungdomstid, venskap, skilsmisse, familie, meistring.

 

Me vil bidra til at alle elevane har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.
Alle born i skulepliktig alder får tilbod, retta mot eleven sjølv, familien og skulemiljøet i sin heilskap.
Tilbodet er gratis.
Elevane vert kalla inn til helsesjukepleiar etter skulehelseprogrammet
Helsesjukepleiar er på skulane og helsestasjon for ungdom (HFU).
Foreldre/barn/ungdom tek sjølv kontakt Lærarar tek kontakt/formidlar kontakt
Me ønskjer gjennom vårt arbeid:

  • Å fremja ein best mogleg helsemessing utvikling hos barna og ha «friskfokus».
  • Styrka eleven si meistringsevne og sosial dugleik i dagleglivet
  • Påvirke til og fremja gode vanar og oppvekstvilkår
  • Tidleg intervensjon
  • Bidra til godt samarbeid og oppfølging i tenestetilbodet
  • Gje tilbod om kontakt, hjelp og rettleiing i helsespørsmål

Slik at elevane kan:

  • Sjå på helse som eit positivt omgrep
  • Oppleva trivsel og tryggleik
  • Ha eit positivt sjølvbilde
  • Forstå at helse også er eige ansvar
  • Oppleve seg sjølv som ein ressurs for seg sjølv og andre


PROGRAM FOR SKULEHELSTENESTA ETNE KOMMUNE:

Skulestart 1.klasse
Skulestartkonsultasjon hausten etter skulestart med helsesjukepleiar/lege. Legge grunnlaget for vidare helseteneste for barnet.
Høyrsel/syn/høgdemål/vekt
Fokus: trivsel, kosthald, språk, leggetider, søvn, skuleveg, ulykker/skader, sosialt nettverk, motorikk, tv/videovanar.
Skulestart
Presentasjon av helsesjukepleiar i klassen. Psykologisk førstehjelp
Delta på foreldremøte om skulemat/gode vanar/ psyk.førstehjelp/tryggleiksirkelen (cos)
2. klasse
Individuell helsesamtale på helsestasjonen m/føresette. Vaksine: kikhoste/difteri/ stivkrampe/polio (Tetravac).
Tilbod om helseopplysning på skulen: kosthald/fysisk aktivitet/eigenomsorg
Og me viser teiknefilmen ”Trøbbel” om førebygging av seksuelle overgrep/vald.
3. klasse
Vekt/høgde måling
5. klasse
Tilbod om 2 t. klasse undervisning om pubertet /jente/gute gruppe. Psykologisk førstehjelp undervisning i saman med lærarane. Individuelle samtalar med alle elevane.
6. klasse
MMR vaksine-meslingar/ kusma/raudehundar (Priorix).
7. klasse
HPV vaksine x 2 (Cervarix) t
Tilbod om: 2 timars klasseundervisning om gode vanar, trivsel, psykisk helse, vald, sjølvbilde/pubertet
Samarbeid med SLT om programmet «ung i Etne».
8. klasse
Individuell helsesamtale med måling av høgd/vekt. Tilbod om klassebesøk med helsesjukepleiar/lege: kost/mosjon/rus/ungdomstid. Tilbod om undervisning i Psykologisk førstehjelp i saman med lærarane.
Delta på foreldremøte.
9. klasse
Tilbod om klasseundervisning/gruppesamtalar om seksuell helse og legning, prevensjon, seksuelt overførbare infeksjonar.
10. klasse
Info i klasse, eigenvurdering av helse, ind. helsesamtale 
Vaksine: kikhoste/difteri. Stivkrampe/polio vaksine (Boostrix polio).
«Ditt val» i samarbeid med politi/SLT

Kontaktinformasjon

Elin Grindheim Hovda (Enge skule/HFU)
Leiande helsesjukepleiar - 488 92 022

Anette Huse (Skånevik skule/HFU)
Helsesjukepleiar - 974 05 903

Synnøve Lovra Viskjer( Enge skule/HFU)
Helsesjukepleiar - 480 38 334

Margaret Bull-Tornøe
Helsesjukepleiar /psykisk helsearbeider barn og unge - 905 87 150

Me samarbeider med anna helsepersonell/andre: helsestasjonslege, fastlegar, fysioterapeut, jordmor, psykisk helse/rustenesta, BUP, PPT, SLT og BV