Fysioterapi

Omtale

Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Du kan få behandling aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim.

Målgruppe

Personar med behov for vurdering, behandling, rettleiing og opptrening etter akutt skade, sjukdom eller operasjon.

Kronisk sjuke og personar med langvarig nedsett funksjonshemming med behov for tverrfagleg rehabilitering.

Grupper av befolkninga med behov for helsefremjande og førebyggande tiltak.

Kriterium/vilkår

Frå 1. januar 2018 treng du ikkje lenger tilvising til fysioterapi. Fysioterapeuten skal vurdere behovet ditt for behandling.

Du må framleis gå til ein fysioterapeut som har driftsavtale med kommune/kommunalt ansett fysioterapeut dersom du skal få stønad frå Helfo.

Pris for tenesta

Dei fleste må betale ein eigenandel når dei har time hos fysioterapeut eller manuellterapeut.

For 2020 er eigenandelstaket 2176 kroner. Når det beløpet er nådd, får du automatisk eit frikort i posten.

Logg inn på helsenorge.no for å sjå eigenandelane som er registrerte på deg.

Nokre grupper betalar ikkje eigenandel for undersøking og behandling av fysioterapeut. Dette gjelder

  • born under 16 år
  • personar med godkjent yrkesskade (gjeld også soldatar i førstegangsteneste i Forsvaret)

Du treng ikkje tilvising til fysioterapeut for å få dekt utgifter til fysioterapi.

 

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå forskrift om habilitering og rehabilitering §§ 7 og 8.

Sjå òg folketrygdloven § 5-8, pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 og kapittel 7 og forskrift for sykehjem § 2-1.



Lover

Folketrygdloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter

Forskrift for sykehjem
Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale
Forskrift om habilitering og rehabilitering
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi m.m.
Syketransportregisterforskriften


Praktiske opplysninger

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan få tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt, kan du få rekvirert drosje (eigenandel takst 1) eller tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.

Om du blir henvist eller tek direkte kontakt med fysioterapeut vil du bli sett opp på venteliste etter gjeldande prioriteringsnøkkel i kommunen. Det kan i periodar vera venteliste for å komme til hos fysioterapeut. Dei kommunale fysioterapeutane og fysioterapeutane med driftsavtale samarbeider om ventelista. Du står fritt til å velge kvar du vil gå til behandling, men om du ynskjer ein spesifikk fysioterapeut kan det forlenge ventetida.

 

 

Klagemulighet

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. 

Kontaktinformasjon

Kommunal fysioterapi Etne
Fysioterapeut
E-post
Telefon 53 75 81 55
Mobil 95 43 53 24

Gunvor Johansson Garvik 
Arbeidstid: Alle dagar frå kl. 08.00 til 15.15

Lokalisering kommunale fysioterapeutar i Etne
Dei kommunale fysioterapeutane har kontorplass lokalisert saman med helsestasjon, i den nyaste delen av det gamle omsorgssenteret.
Trenings- og behandlingslokale er lokalisert i det nye omsorgssenteret.
 

Kommunal fysioterapi Skånevik
Fysioterapeut
E-post
Telefon 53 75 85 57
Mobil 97 50 27 57

Sylvia Thôr

Lokalisering kommunale fysioterapeutar i Skånevik
Kontor, trening- og behandlingslokale er i 3. etasje på omsorgssenteret.
 

Fysioterapeutar med driftsavtale
E-post
Telefon 53 75 67 22

Etne Fysioterapi & Trening
Gro Steiner
Øyvind Thorson

Lokalisering fysioterapeutar med driftsavtale
Etne Fysioterapi og trening sine lokale på Etne Senter.