Om ergo- og fysioterapitenesta

Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. Etne kommune har både fysioterapeutar med driftstilskot og kommunale fysioterapeutar. Desse samarbeider om ventelistene.

Ergoterapi har deltaking og inkludering som mål, og å gjera det mogleg for deg å leva eit aktivt og sjølvstendig liv, ut frå dine føresetnader og kvardagslivet sine krav. Har du t.d vanskar med å greia daglege gjeremål fordi du er sjuk, skada eller av andre årsaker, kan du få hjelp frå ein ergoterapeut. 

Kvardagsrehabilitering er ei tidsavgrensa oppfølging, der du kan få støtte, vegleiing og trening i eigen heim, for å meistra kvardagen din betre. Eit team beståande av kommunal fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar bistår deg.

Hjelpemiddel kan lånast for ein kortare eller lengre periode. Kommunal fysioterapeut og ergoterapeut kan hjelpe deg med dette.

Kontaktinformasjon

Fysioterapeutar med driftsavtale
E-post
Telefon 53 75 67 22

Etne Fysioterapi & Trening
Gro Steiner
Øyvind Thorson

Lokalisering fysioterapeutar med driftsavtale
Etne Fysioterapi og trening sine lokale på Etne Senter.

Kommunal ergoterapi
Ergoterapi
E-post
Telefon 53 75 81 15
Mobil 48 89 86 63

Anita Staurland

Kommunal fysioterapi Etne
Fysioterapeut
E-post
Telefon 53 75 81 55
Mobil 95 43 53 24

Gunvor Johansson Garvik 
Arbeidstid: Alle dagar frå kl. 08.00 til 15.15

Lokalisering kommunale fysioterapeutar i Etne
Dei kommunale fysioterapeutane har kontorplass lokalisert saman med helsestasjon, i den nyaste delen av det gamle omsorgssenteret.
Trenings- og behandlingslokale er lokalisert i det nye omsorgssenteret.
 

Kommunal fysioterapi Skånevik
Fysioterapeut
E-post
Telefon 53 75 85 57
Mobil 97 50 27 57

Sylvia Thôr

Lokalisering kommunale fysioterapeutar i Skånevik
Kontor, trening- og behandlingslokale er i 3. etasje på omsorgssenteret.