Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistent (BPA) er for deg som har behov for tenestene praktisk bistand og opplæring, samt avlasting til foreldre med barn under 18 år, og ynskjer å styra organiseringa sjølv.

Tenesta kan bidra med assistanse til å leva eit aktivt liv i fellesskap med andre.

Ein søkjar som fell utanfor fastsette kriterium har også rett til å få vurdert om tenestetilbodet kan bli organisert som BPA. Moment som blir vektlagt i den vurderinga er mellom anna om BPA vil gi søkjar moglegheita til å studera, delta i arbeid, aktivitet eller der ein på anna vis kan anta at BPA vil bidra vesentleg til at brukaren sin livskvalitet blir auka.

BPA er for deg som

  • har eit langvarig behov for personleg assistanse, der langvarig betyr meir enn 2 år
  • har eit stort tenestebehov over 32 timar pr veke
  • kan ta på deg ansvaret med å vera arbeidsleiar. Om du er ung, har kognitive utfordringar eller liknande og ikkje kan ta dette ansvaret, kan andre som kjenner deg godt ta på seg rolla som arbeidsleiar.

Dersom du har eit tenestebehov på minst 25 timar i veka kan du ha rett på BPA, viss ikkje kommunen kan dokumentera at slik organisering kan medføra ein vesentleg kostnad for kommunen.

BPA er ikkje for deg som

  • er over 67 år (med mindre du har hatt tenesta før du fylte 67 år)
  • får hjelp punktvis eller på natta

Når du har fått BPA kan du og dine pårørande forventa

  • at det blir lagt vekt på brukarmedverknad i tilbodet

Når du har fått BPA forventar me av deg og dine pårørande

  • at du held deg til vedtaket si ramme, kommunen sin arbeidsleiaravtale og gjeldande lov- og avtaleverk

Økonomi

Tenesta er gratis. Det skal betalast for det som blir rekna som praktisk bistand. Dette skal vera spesifisert i vedtaket.

Aktuelt regelverk 

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Telefon 53 75 81 49

Besøks- og postadresse:
Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Anita Gravelsæter
Avdelingsleiar, Etne
E-post
Telefon 53 75 81 58
Mobil 908 79 584
Elisabeth Lunde Sørheim
Einingsleiar
E-post
Telefon 53 75 81 32