Støttekontakt

Støttekontakt skal motivera og leggje til rette for sosialt samvær og ei meiningsfull fritid, medverka til å byggje nettverk og førebyggje isolasjon og einsemd. Tenesta er fleksibel, og den kan tilpassast deg og den som skal utøva tenesta.  Tilbodet blir gitt ved særskilt behov, utover det ein kan forventa av oppfølging frå føresette, pårørande, kommunal teneste og nettverk elles. Til dømes vil det ikkje bli gitt støttekontakttimar til personar med heildøgns omsorg.

Støttekontakt er for deg som

  • har behov for personbistand og støtte til nettverksbygging, oppleving og eigenaktivitet, grunna vesentleg utfordring knytt til helse

Når du har fått støttekontakt kan du og dine pårørande forventa

  • tal timar som passar med ditt behov. Norm for tildeling er 2 timar støttekontakt i veka.
  • at støttekontakten får rettleiing og oppfølging frå kommunal tilsett. Det er inga krav til formell kompetanse til dei som jobbar som støttekontakt.
  • at støttekontakten får dekka ein gitt sum pr månad til transport og aktivitet.

Når du har fått støttekontakt forventar me av deg og dine pårørande

  • at du held avtaler og gjer beskjed ved fråfall
  • at du sjølv dekker kostnader til transport og aktivitet
  • at støttekontakten ikkje blir utsett for trakassering eller anna utilbørleg framferd jf. Arbeidsmiljølova § 4 – 3

Økonomi

Støttekontakt er gratis, men du betaler sjølv for aktivitetane de er med på. Støttekontakt kan velja å tilby transport i privat bil gratis, men anna transport betaler du for sjølv.

Aktuelt regelverk