Influensavaksinering

Klikk for stort bildeDet er nå fleire år sidan me hadde ein kraftig influensasesong i Etne kommune. Det kan bety at immuniteten mot influensa er ganske lav i befolkninga, og at mange derfor kan bli sjuke av denne kraftige luftvegsinfeksjonen.

Dei fleste vil tole influensa, men me kan være einige om at det er svært ubehageleg med høg feber, muskelverk, hovudverk, sår hals og hoste i opp mot 14 dagar.

Kven bør ta influensavaksinen?

Dei som har ein risikotilstand (sjå lista under) står i fare for meir alvorleg forløp av influensa og me tilrår at alle desse tar influensavaksinen.

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, fra 6 månader til 5 år

Barn og vaksne med:

  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
  • Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
  • Diabetes type 1 og 2
  • Leversvikt eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg vil alle helsepersonell med pasientnært arbeid og svinerøkterar bli tilrådd å ta influensavaksinen.
 

Når og kor kan me ta influensavaksine? Gjeld risikogrupper

I Etne kommune kan du få influensavaksine hos fastlegen din frå veke 44 og framover dersom du har ein legetime og er i ei av risikogruppene.
Du kan bestille deg ein time til vaksinasjon på nett ved å bruke denne lenka: Etne Kommune | ReMin  Velg Influensavaksine

Andre som ønskjer vaksina må henvende seg til apoteket.
Etne Apotek vaksinerer på kvardagar kl. 10.00 - 16.00.
 

Pneumokokk vaksine = Vaksine mot lungebetennelse
Alle over 65 år er tilrådd å vaksinere seg mot pneumokokker (lungebetennelsesbakterier) kvart 10. år
Andre med særskilde kroniske sjukdommar og redusert immunforsvar bør ta pneumokokkvaksine etter råd frå sin fastlege
Les meir her: pneumokokkvaksine_informasjonsark.pdf (fhi.no)

Du kan ta vaksine mot influensa og mot pneumokokker same dag

Kva kostar vaksinen?
Vaksinen er gratis for alle i risikogruppene
Helsepersonell og svinerøktarar får vaksinen dekka av arbeidsgivar
Personar utanfor risikogruppene betalar 250,- kroner for Influensavaksinen
Pneumokokkvaksine: 500,- kr per dose.

Nokre viktige beskjedar:
Ikkje ta influensavaksinen dersom du kjenner deg sjuk, brukar antibiotika eller har feber. Vent til du er frisk igjen.
Vent minst 1 veke mellom eventuell Koronavaksine og Influensavaksinen.
Les meir om Influensavaksinen her: Influensavaksine - FHI

Me vil oppmoda om at alle nyttar munnbind når de kjem til vaksinasjon, og tar på høvelege klede for vaksine i overarmen.

Er du i tvil? Snakk med fastlegen din 😊

For praktiske spørsmål kan du ringe/sende sms til vaksinetelefonen 913 44 955 (open måndag til fredag 08.30-10.00)