Etne kommune fylgjer nasjonale anbefalingar og vil gje tilbod om koronavaksine til barn i alderen 5-11 år, og 2. dose til 12-15 åringar.

 

Siste veka er det meldt om 12 tilfelle av bekrefta Covid-19 i Etne kommune.  

Etne kommune vaksinerer kvar veke. Alle over 18 år som ynskjer dose 3 kan få vaksinetime når det er gått 20 veker sidan dose 2.

 

Frå midnatt trer dei nye nasjonale tiltaka i kraft og du kan lesa detaljane om desse i lenka under.

Som mange andre kommunar fekk også Etne kommune ei auke i smittetala etter nyttår. 

Etne kommune har fått tildelt kr 941.000 som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er spesielt råka av Covid-19.

 

Me vil starte med å ynskja alle eit godt nytt år. Me håpar jo alle saman å møte eit betre og enklare år i 2022, og at me kan finne gode og kreative løysingar for å leva parallelt med pandemien.

FHI og Helsedirektoratet har gått ut med råd om å testa barn og tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule før skulestart etter juleferien. Etne kommune kjem ikkje til å gjennomføra ei slik organisert testing.

 

Status: Det har vore ei roleg julehelg for smitteteamet i kommunen. I veke 51 fekk me berre bekrefta ein Covid-19 sjuk person i Etne kommune. 

Regjeringa innfører nye nasjonale smitteverntiltak for ikkje å overbelaste helse- og omsorgstenesta og verna kritiske samfunnsfunksjonar. Det blir strengare reglar for arrangement og uteliv for vaksne, i kulturlivet og på organiserte fritidsaktivitetar. Det blir innført skjenkestopp over heile landet. Dette trer i kraft frå midnatt, natt til onsdag 15. desember.