Ikkje krav om testing før skulestart i Etne

FHI og Helsedirektoratet har gått ut med råd om å testa barn og tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule før skulestart etter juleferien. Etne kommune kjem ikkje til å gjennomføra ei slik organisert testing.

Sonja Frafjord  

Kommunen vår har eit lågt smittetrykk. Testing med hurtigtestar gir ein del falske negative prøvesvar, og eit par enkelttestar per person vil ikkje gje vesentleg tilleggsinformasjon om smitte blant innbyggarane våre.

Vår vurdering er at det er langt meir effektivt å følga råda om å halda seg heime ved akutt nyoppståtte luftvegssymptom, halda avstand og redusera talet på nærkontaktar.

Alle med symptom skal testa seg, og ikkje gå på arbeid, skule eller barnehage før negativ test. 

Bjørn Tollefsen
Kommunedirektør