Informasjon om smittestatus i Etne kommune

Klikk for stort bildeEtne kommune har sidan måndag hatt 14 innbyggjarar som har testa positivt for covid-19. Av desse er 6 personar knytt til smitteutbrot ved Etne omsorgssenter. 

Tilsette og bebuarar som er smitta blir følgd opp av helsepersonell og arbeidsgjevar. Dei tilsette i helse- og omsorgstenestene i kommunen skal framleis bruka smittevernsutstyr(munnbind og briller) i pasientnært arbeid og når dei ikkje kan halda 1 m avstand til andre. Me oppfordrar besøkjande til omsorgssentera i kommunen å bruka munnbind. Dette gjeld t.o.m. fredag 19.11.21.

Lokale tilrådingar

Det har nå vore aukande smitte i vår region dei siste to vekene. Dette bidreg til auka press på sjukehuset og helsetenestene i kommunane. I tråd med tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet gir kommunen følgjande forsterka råd til innbyggjarane, også dei som er vaksinert:

  • Hald deg heime om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom – og test deg.
  • Hald avstand til andre der det er mogeleg i det offentlege rom, gjerne ein meter.
  • Vurder bruk av munnbind dersom det ikkje er mogeleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom.
  • Vurder bruk av heimekontor når det er mogeleg.
  • Reduser mengd nærkontaktar.