Koronavaksine

Etne kommune vaksinerer kvar veke. Alle over 18 år som ynskjer dose 3 kan få vaksinetime når det er gått 20 veker sidan dose 2.

 

Me vaksinerer kvar fredag i Etne, og onsdag i oddetalsveker i Skånevik.
Velkommen og om du treng 1. eller 2. dose.

Bestilla vaksinetime?

Trykk her: Etne kommune | ReMin  Eller kontakt oss på vaksinetelefonen 91344955 gjerne på SMS eller epost: koronavaksine@etne.kommune.no

Dersom du er i gruppa som treng 4. dose, kan du ikkje bestille på nett. Kontakt oss, så ordnar me time snarast.

Du kan og møte på drop-in time mellom klokka 10-12 eller 13-15. Fredagar i Etne eller onsdagar oddetalsveker i Skånevik.

Har du hatt Covid-19?

Personar over 18 år som har hatt Covid-19 bør venta minst 12 veker før ein tek 3. dose Koronavaksine. Ein kan godt venta opp mot 6 månadar før ein tek 3. dose Koronavaksine for best mogleg immunitet.