OPPDATERT: Pressemelding: 3. dose koronavaksine til vaksne med alvorleg svekka immunforsvar

Klikk for stort bildeFHI har tilrådd at vaksne med alvorleg svekka immunforsvar nå skal få tilbod om ein 3. dose koronavaksine. Dei dette gjeld vil få brev frå sin behandlande lege på sjukehuset med oppmoding om å kontakta vaksinekontoret i eigen kommune. Det skal gå minst 4 veker mellom 2. og 3. dose koronavaksine. 

3. dose vil bli tilbydd til følgjande grupper så snart som mogleg:

Gruppe 1:

NY: - alle som brukar immundepande behandling (siste 2 åra) lista opp på denne medisinlista: medikamentliste_130921v3.pdf (legeforeningen.no) bør ta kontakt med vaksinekontoret for å få time til 3. dose.

- Organtransplanterte

- Beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus host- sjukdom som krev immunsuppresjon   etter vurdering av behandlande sjukehusspesialist 

- Alvorleg og moderat primær immunsvikt 

- Aktiv dialysebehandling 

- Pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5 

- Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon 


Det er altså ikkje alle som var i gruppe 4 som treng ein 3. dose koronavaksine.

Dersom ein meiner ein høyrer til ei av desse gruppene, men ikkje får eit brev frå sjukehuset, skal ein kontakta eigen lege for vurdering.

Koronavaksinekontoret er ope for kontakt: 
Koronavaksinetelefonen: 91344955. Open måndag til fredag kl 08.30 til 10.00. Send gjerne ein sms. Eller ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no