Pressemelding veke 2

Som mange andre kommunar fekk også Etne kommune ei auke i smittetala etter nyttår. 

Status

Totalt 8 personar fekk bekrefta Covid-19 infeksjon, og fleire hadde Omikron varianten. Smittevegane er kjende.

Vaksinasjon

Etne kommune vaksinerer kvar veke. Alle over 18 år som ynskjer dose 3 kan setje seg opp til vaksinetime når det er gått 20 veker sidan dose 2. Me vaksinerer kvar fredag i Etne, og onsdag i oddetalsveker i Skånevik.

Bestilla vaksinetime?
Trykk her: Etne kommune | ReMin

Du kan også møta på ein drop-in time på fredagar i Etne mellom klokka 10-12 eller 13-15, eller i Skånevik på onsdagar i oddetalsveker.

Har du hatt Covid-19?
Personar over 18 år som har hatt Covid-19 bør venta minst 12 veker før ein tek 3. dose Koronavaksine. Ein kan godt venta opp mot 6 månadar før ein tek 3.dose Koronavaksine for best mogleg immunitet.


Elisabeth Selland Winterthun
Kommuneoverlege