Pressemelding veke 3

Siste veka er det meldt om 12 tilfelle av bekrefta Covid-19 i Etne kommune.  

Status

Nokre skuleborn er smitta av Covid-19, og me forventar at smitten kan breie om seg blant barn og unge. I klassar/avdelingar med smitte vil skulane sende ut beskjed til foreldra slik at ein kan være ekstra observant på eigen symptom i 10 dagar frå smitten er kjend. Barn og unge under 18 år som er utsett for smitte på skule eller i barnehage treng ikkje være heime i karantene, men skal sjølvsagt være heime om dei kjenner symptom. Då er det viktig å ta ein test, enten hurtigtest eller PCR test.

Meld inn positive heimatestar til kommunen på denne lenka: https://hjemmetest.remin.no

Born som er husstandsmedlem til ein smitta skal være i karantene i 10 dagar, men kan teste seg ut av karantenen etter 7 døgn. Viss ein bur saman med den smitta må ein telje 4+7 dagar før ein kan teste seg ut av ein karantene for husstandsmedlem.

Me tilrår at aktivitetar for born og unge går som normalt i kommunen, men at ein føl nasjonale tilrådingar om til dømes gruppestorleik etc.

Skånevik skule er på grønt nivå, medan Enge skule har gult nivå ut veke 3. Alle barnehagane i kommunen er på grønt nivå.

Årsaka til endra strategi, som mindre strenge tiltak,  er ny kunnskap om Omikronviruset som gjev eit mildare sjukdomsforløp. Særleg born og fullvaksinerte vaksne får eit lett sjukdomsforløp med milde luftvegsplager frå øvre luftveier.

Vaksine

Me vaksinerer kvar fredag i Etne, og onsdag i oddetalsveker i Skånevik.

Bestilla vaksinetime?
Trykk her: Etne kommune | ReMin

Du kan også møta på ein drop-in time på fredagar i Etne mellom klokka 10-12 eller 13-15, eller i Skånevik på onsdagar i oddetalsveker.

Har du hatt Covid-19?
Personar over 18 år som har hatt Covid-19 bør venta minst 12 veker før ein tek 3. dose Koronavaksine. Ein kan godt venta opp mot 6 månadar før ein tek 3. dose Koronavaksine for best mogleg immunitet.


Elisabeth Selland Winterthun
Kommuneoverlege