Pressemelding veke 33

Klikk for stort bildeStatus: Det er ikkje rapportert om fleire smitta sidan siste pressemelding fredag 13. august. Risikonivået er sett til nivå 1 i kommunen. Me opplever at desse smittetilfella er avgrensa.

Me vil oppmoda alle som kjenner på luftvegssymptom, feber, uvanleg hovudverk, slapphet eller har mista lukt/smakssans om å testa seg for koronavirus. Dette gjeld og dei som er vaksinert mot Covid-19.

Treng du test??   
Følg denne lenka: Koronatest - Vindafjord kommune

Vaksinasjon

Det er endeleg god tilgang på koronavaksine. I neste veke får me tildelt mange dosar med vaksinen frå Pfizer/BioNTech.  Det er ennå ope for alle som ikkje har teke første dose, og me vil oppmoda om å ta kontakt så raskt som mogleg.

Sidan tilgangen på vaksine nå er betre vil me framskunde tidspunktet for dose 2. Alle som har oppført timar seinare på hausten vil få tildelt nytt tidspunkt. Om det nye tidspunktet ikkje passar så tek de kontakt med oss.

Me antar at dei fleste over 18 år i Etne kommune vil vera fullvaksinerte innan utgangen av september.

Har du fått vaksine i utlandet, og treng å få denne registrert inn i Helsenorge?? Ta kontakt med Koronavaksinekontoret.

For spørsmål, kontakt oss på sms eller mail under:

Koronavaksinetelefonen: 91344955. Open måndag til fredag kl 08.30 til 10.00. Send gjerne ein sms.
Eller ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no

Klikk for stort bilde 

I mange månader har me i Etne kommune lagt ut melding om status i smittetal og framgang i vaksinasjon mot Covid-19. Mange har sett pris på desse faste oppdateringane. Me opplever nå at behovet for informasjon er betydeleg mindre, og me skal prøve å nærme oss ein normal fase igjen. Eit steg på denne vegen er at det nå ikkje lenger blir lagt ut fast oppdatering kvar veke. Me skal sjølvsagt formidle viktige beskjedar og endringar som omhandlar Covid-19 framover. Enkeltståande smittetilfelle i kommunen vil ikkje automatisk bli informert om, men utbrot som kan ha betydning for samfunnet vil bli meldt ut på kommunen sin nettstad.

Me vil minne om at ein kan sende e-post til Etne kommune om ein har spørsmål knytt til Covid-19 på korona@etne.kommune.no

Etne kommune