Covid-19 testing i Etne kommune. Hurtigtest og PCR
Det blir nå endringar i kven som treng å ta PCR test. Sjå tekst under.
Kvar kan eg få utlevert Covid-19 hurtigtestar?
I Etne kommune vil utlevering av Covid-19 hurtigtestar skje frå to stadar:
1) Etne Apotek (innanfor opningstida)
2) Skånevik Legekontor (Måndag tom Torsdag kl 9-15)
Kven kan få gratis testar?
Følgjande personar kan få utlevert gratis testar for å testa seg for Covid-19
1) Personar som er utsett for smitte, og er definert som nærkontaktar (både øvrige nærkontaktar og husstandsmedlemmer)
2) Personar som har symptom på Covid-19, og som ikkje kan/skal teste seg på teststasjonen i Vindafjord.
Ein person får utdelt 1 eske med 5 testar i. Dersom ein heil familie med fleire born treng testing kan ein få utlevert fleire esker.
Kva med helsepersonell, og tilsette i barnehage og skule? Disse personalgruppene får testar gjennom arbeidsplassen sin.
Kven får ikkje gratis testar?
Gratis sjølvtestar frå kommunen skal ikkje brukast ved rutinemessig testing i regi av arbeidsgivarar for testing av eigne tilsette, av organisasjonar eller frå arrangørar eller private som ønskjer testing til arrangement og sosiale samankomstar i offentleg eller privat regi.
Testar til slikt formål kan kjøpast på apotek og butikk.
Kva gjer eg dersom hurtigtesten er positiv?
Meld frå til kommunen/smittesporingsgruppa via denne lenka: Sjølvregistrering av koronatester og nærkontakter | ReMin
Ein positiv hurtigtest er ein positiv prøve, og for mange er det nå ikkje behov for ein PCR test for å stadfesta at hurtigtesten stemmer. Ein må handle ut frå svaret på hurtigtesten, gå i isolasjon og varsle nærkontaktar.
Bekreftande PCR-test vert ikkje tilrådd til følgjande personar:
- Personar som har fått tredje vaksinedose (oppfriskningsdose/"boosterdose").
- Personar som har mottatt to dosar Koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av de siste 3 månadene.
Bekreftande PCR-test eller bekreftande antigen hurtigtest til profesjonelt bruk vert tilrådd vidareført til følgjande personar:
- Personar med primær eller sekundær immunsvikt, derunder organtransplanterte og immunsupprimerte.
- Barn og ungdom mellom 0-16 år.
- Uvaksinerte og delvaksinerte personar utan oppfriskingsdose som har behov for koronasertifikat.
Time til PCR test kan du bestilla deg her: Koronatest - Vindafjord kommune
Elisabeth Selland Winterthun
Kommuneoverlege