Kva tilbyr me?
- Integreringstenesta hovudansvaret for busetting av flyktningar i Vindafjord og Etne kommunar.
- Intergreringstenesta arbeidar med integrering og oppfølging av busette flyktningar, og har ansvar for å koordinera introduksjonsprogrammet.
Integreringstenesta er organisert som ein del av NAV Vindafjord-Etne. Vindafjord og Etne busett flyktningar etter avtale med IMDI (Integrerings og mangfoldsdirektoratet) og etter vedtak frå kommunestyret.
Nybusette flyktningar og deira familiesameinte som har behov for grunnleggande kvalifisering, deltek i introduksjonsprogrammet. Målet er at dei skal læra seg norsk og koma raskt ut i arbeid eller utdanning.
Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) og Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) set føringar for korleis kommunen skal gjennomføra introduksjonsprogrammet.
Kontakt
Teamleiar: Miriam Aareskjold
Mobil: 41 28 77 22
E-post: miriam.aareskjold@nav.no
Adresse: NAV Vindafjord, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Sist endret 25.09.2023 10:02