Alternativt navn
Tidsbegrensa opphald - avlasting
Omtale
Personar som har omsorgsoppgåver heime, kan søkje om tidsavgrensa avlastingsopphald på institusjon. Den hjelpetrengande kan også søkje.
Formål: Den daglege omsorgsytar skal få avlastning frå sine daglege omsorgsoppgåver. At hjelpetrengande skal kunne bu heime lenger.
Målgruppe
Personar med omfattande omsorgsoppgåver heile døgnet.
Kriterium/vilkår
Følgjande skal vurderast:
- Om det er særleg tyngande omsorgsoppgåver for omsorgsytar.
- Om det er forsvarleg med avlastningstiltak i eigen heim.
- Om søkjer sjølv ynskjer opphald.
- Samtykkjekompetanse skal vurderast i kvart einskilt tilfelle.
Iplos kartlegging skal gjennomførast.
Naudsame medisinske opplysningar frå lege skal innhentast.
Moment som ein kan ta omsyn til:
- Omsorgsarbeidet varer over tid månader/år og inneber mange timar pr. månad.
- Omsorgsarbeidet er meir tyngjande enn vanleg fysisk eller psykisk.
- Omsorgsarbeidet inneber nattearbeid og fører til avbrot i nattesvevn.
- Omsorgsarbeidet er kontinuerleg eller skjer i periodar.
- Omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon, mangel på ferie og fritid.
Pris for tenesten
Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald.
Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Brosjyre Etne Omsorgssenter
Hjelpetilbud i kommunen
Regelverk
Tenesta er heimla i :
Pasient og brukarrettighetslova §2-1 a andre ledd jf. helse- og omsorgteneste lova §§3-1 og 3-2 fyrste ledd. nr 6 bokstav d.
Lovar
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Forskrifter
Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Verdighetsgarantiforskriften
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.
Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Søknadsfrist
Søknaden vert handsama av tiltaksteamet i kommunen.
Søknaden sendast til
Etne kommune, Tenestekontoret v/pleie og omsorg
Sjoarvegen 2
5590 Etne
Telefon: 53 75 81 49
Sakshandsaming
Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Sakshandsamingstid
Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemulighet
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen.
Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om saka skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Ansvarleg eining
Avdeling: Pleie og omsorg
Leiar: Halleland, Doreen
Telefon: 53 75 81 42
Mobil: 416 92 464
Kontaktpersonar
Avdelingsleiar: Vibeke Skjold Heggebø
Telefon: 53 75 81 44
Mobil: 469 52 449