Institusjon - korttidsopphald

Alternativt navn

Tidsbegrensa opphald institusjon

Omtale

Tidsbegrensa opphald i institusjon er tenester til personar som har omfattande behov for helse- og omsorgstenester eller for utreiing og vurdering.

Tidsbegrensa opphald kan gjelde:

  • Behandling og utreiing.
  • Tilbod om lindrande behandling ved livets slutt
  • Anna

 

Målgruppe

Tidsbegrensa opphald i institusjon kan vere eit tilbod til:

  • Personar som i ein overgangsperiode treng medisinsk behandling, omsorg ved sjukdom, utreiing og observasjon, samt etterbehandling / oppfylging etter sjukehusopphald.
  • Personar med behov for lindrande behandling ved livets slutt og der tenester ikkje kan , eller familien ikkje ynskjer at desse skal ytast i heimen.
  • Personar som har andre omfattande behov for helse- og omsorgstenester og der heildøgns tidsbegrensa opphald i institusjon vil vere best egna.
  • Personar med kjent dementdiagnose der det er behov for observasjon og vurdering av bistandsbehov.

 

Kriterium/vilkår

  • Utskrivingsklare pasientar frå sjukehus med omfattande helse- og omsorgsbehov.
  • Heimebuande pasientar med forverra helsetilstand, skal vere vurdert av lege.
  • Behov for døgnkontinuerleg observasjon, oppfylging og behandling av ein kortare eller forbigåande karakter.
  • Behov for å avklara funksjonsnivå for å kunna planlegga framtidige tenester og tenestenivå.
  • Behandla tilstandar med forventa kort behandlingstid, som ikkje treng sjukehus innlegging, men som likevel ikkje kan behandlast i heimen.

Søkjer må sjølv ynskje opphald.

Det må være eit definert mål for opphaldet.Samtykkekompetanse skal vurderast.

Kartegging av Iplos skal gjennomførast.

Medisinske opplysningar frå sjukehus/ fastlege skal innhentast.

Pris for tenesta

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i ein statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).


Taksthefte

Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande

Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Brosjyre Demenskoordinator (PDF, 459 kB)
Brosjyre Etne Omsorgssenter (PDF, 450 kB)
Brosjyre Kreftkoordinator (PDF, 470 kB)
Brosjyre Kvardagsrehabilitering (PDF, 2 MB)
Egenandel hos fysioterapeut og manuellterapeut
Hjelpetilbud i kommunen

Praktiske opplysninger

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om korttidsopphald i sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du treng det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkomande ha fullmakt.

Skjema

Søknad om helse- og omsorgstenester

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknadene vert handsama av tiltaksteamet i Etne kommune.

Søknaden sendast til

Etne kommune, Tenestekontoret v/pleie og omsorg
Sjoarvegen 2
5590 Etne
Telefon: 476 17 133

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

 

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen vedtaket bli ståande, kan du klage vidare til Statsforvaltaren.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til Etne Kommune v/pleie og omsorgsleiar.

Kontaktinformasjon

Ansvarlig eining

Avdeling: Pleie og omsorg
Leiar: Halleland, Doreen

Kontaktpersonar

Anita Gravelsæter (Avdelingsleiar Heimetenesta)
Telefon: 53 75 81 58
Mobil: 908 79 584

Kontaktinformasjon

Anita Gravelsæter
Avdelingsleiar, Etne
E-post
Telefon 53 75 81 58
Mobil 908 79 584