Tryggingsalarm

Omtale

Tryggingsalarm tildeles for å gje deg tryggleik i eigen bustad og bidra til at du kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Det finnes ulike sensorar ein kan tilknytte tryggingsalarmen og andre omsorgsteknologiske hjelpemidlar som kan bidra til å tryggje og ivareta individuelle behov i eigen heim.

Det kan ta mellom 30 og 45 min før heimetenesta kan vera hjå deg. Dette avhenger av køyretid og kor raskt ein får avslutta pågåande oppgåve på forsvarleg måte.

Treng du akutt medisinsk hjelp ring 113.

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.

Kriterium/vilkår

  • Redusert bevegelse med fare for fall.
  • Einslige vert prioritert.
  • Oppleva tryggleik ved å ha alarm.

Pris for tenesten

Det vert tatt eigenandel for tryggingsalarm og anna omsorgssteknologi, sjå vedlagt taksthefte.

Taksthefte

 

Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande

Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Hjelpetilbud i kommunen

Regelverk

Tryggingsalarm er ikkje ei lovpålagd teneste, men kan ytast dersom du treng hjelp som gir rett til tenesta etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-2.



Lover

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Forskrifter

Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester

Praktiske opplysninger

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tryggingsalarm, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt. 

Skjema

Søknad om helse- og omsorgstenester

Søknaden sendast til

Etne kommune, Tenestekontoret v/pleie og omsorg
Sjoarvegen 2
5590 Etne
Telefon: 476 17 133

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

 

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon

Ansvarlig eining

Avdeling: Pleie og omsorg
Leiar: Halleland, Doreen

Kontaktpersonar

Anita Gravelsæter (Avdelingsleiar Heimetenesta)
Telefon: 53 75 81 58
Mobil: 908 79 584