Søknad om helse- og omsorgstenester

Her kan du laste ned og skrive ut søknadsskjema:

Søknad om helse- og omsorgstenester (PDF, 174 kB)

Send til
Etne kommune
Tenestekontoret for helse og omsorg
Sjoarvegen 2
5590 Etne.

 

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om helse- og omsorgstenester, eller du kan be andre hjelpe deg om du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne må vedkommande ha fullmakt.

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal handsama saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret for helse og omsorg
Mobil 476 17 133

Sjoarvegen 2
5590 Etne