Helsedirektoratet

Helsepersonell - utlandsreiser og besøk frå utlandet

Nye råd for helsepersonell som har vore i utlandet eller har besøk som har vore i utlandet.

Utlandsreiser kan representera ein auka risiko for smitte av covid-19 inn i helseinstitusjonar og pasientheimar. Måndag 20. juli kom helsedirektoratet med nye råd for helsepersonell som har vore i utlandet eller har besøk som har vore i utlandet

Me ber difor:

- helsepersonell som har vore i utlandet, og
- helsepersonell som har besøk i heimen frå karantenepliktige land 

 å snarast ta kontakt med sin næraste leiar.


Helsepersonell som vel å reise til "grøne land" utanom Norden, skal testast etter heimkomst og før ein skal på arbeid.
Helsepersonell tilsett i Etne kommune vil få meir utfyllande informasjon på epost 23.07.20.

Informasjonsbrevet frå helsedirektoratet kan du lese her.

 

 

Tips ein ven  Skriv ut