Helsesamtale

I møte med personar som har behov for å endre levevanar er det viktig å kartlegge situasjon, målsetting, motivasjon og behov. Helsesamtalen gjennomførast før, etter og eventuelt undervegs i oppfølgingsperioden. Frisklivsrettleiar vil vurdere kva kartleggingsverktøy som er hensiktsmessig å nytte ut i frå kva tilbod du ynskjer å  følgje. 

 

Registreringsskjema: Skjema der ein registrer ulike helseopplysningar. Spesifisera årsak for oppfølginga, samt kva forventningar du har til tilbodet og  kva mål du ynskjer å setje deg for oppfølgings perioden.

Registreringsskjema PDF document ODT document

«Friskliv oppstart»: Helsedirektoratet sitt eige skjema for livsstils kartlegging. Kartlegg funksjon, kost, fysisk aktivitet, alkohol, snus og tobakk vanar.

https://helsedirektoratet.no/Documents/Frisklivssentraler/friskliv-oppstart.pdf

 

«Min livsstil»: Er eit kartleggingsverktøy av eiga helse og livsstil. Der hensikta er å gi deg kunnskap og bevisstheit rundt dine daglege vanar og val. Spørsmåla basera seg på kost, aktivitet, nikotin, søvn, skjerm og psykisk helse.  Du fyller inn det svaret som passar deg best. Rapporten du får etter gjennomført kartlegging er din eigen, og du bestemm kven som skal få tilgang til den. Ein har positive erfaringar med å nytte denne rapporten til å setje konkrete mål for oppfølgingsperioden ut frå dine livsstilsutfordringar og behov.

 

Min livsstil rapport.jpg Min livsstil rapport2.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut