Helsestasjon_jordmor

Helsesjukepleiar er det nye namnet på helsesøster

Utanom namneendringa har ingenting endra seg, bortsett frå at helsestasjonen har flytta til det gamle omsorgssenteret.

Me er framleis kunnskapsrike sjukepleiarar med vidareutdanning/master og jobbar for å hjelpe barn og unge med spørsmål og utfordringar innan helse.

Nyttig info om kva me kan hjelpe med og samtalar med ungdommar og helsesjukepleiar finn du her: http://helsesykepleier.nsf.no/?fbclid=IwAR1XDT0sXG_9enoaVT5mKeCz_Lna35wMbyGS7-1UFUeXLmskruGPSoiXz5M


Me er å finna på gamle omsorgssenteret sin «nye» del (kvitt bygg - tidlegare sone 1). Inngang heilt til venstre inn på torget – sjå skilt utanfor.
Betre skilting vil kome etterkvart. Ny adresse er: Holmavegen 24.

Opningstider:

Etne: Kvardagar 09-15 – helsestasjon for ungdom onsdagar kl. 11-15

Enge skule: Måndag, tysdag og fredag

 

Skånevik: Torsdagar 09-15 og helsestasjonslege onsdagar etter oppslag. Jordmor er der tysdagar etter behov.

Skånevik skule:  Måndagar og torsdagar

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut