Du er her: Heim Tenester A-Å

Helsestasjon - Skulehelseteneste

Oppdatert: 19.12.2017 12:05
Generelt
Omtale

Helsestasjonen og skulehelsetenesta har ansvar for førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge i alderen 0 – 20+ år. Desse førebyggjande helsetenestene omfattar svangerskapsomsorga, helsestasjon for barn 0 – 5 år, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.  Helsestasjonen jobbar for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebyggje sjukdom og skade. Spesielt blir barnet si fysiske og psykososiale utvikling i samspel med omgivnadane vektlagt, og me vil gjerne vere ein stad der foreldre kan søkje råd og rettleiing i høve barnet si helse og utvikling. Her er de som foreldre velkomne til å ta kontakt om de har spørsmål, problem eller utfordringar i kvardagen.

Helsestasjonen mottek fødselsmelding frå barselavdelinga etter fødsel. Etter heimkomst tek me kontakt med dykk og tilbyr heimebesøk så snart som mogleg, og helst innan 10 dagar.

 Me jobbar etter lågterskelprinsippet, det vil seie at det skal vere låg terskel for å ta kontakt.

Me legg stor vekt på samspel og tilknytning mellom foreldre og barn, og tidleg innsats.

Helsetilbod til nytilflytta flyktningar/asylsøkjarar.

Tuberkulosearbeid 

Reisevaksinasjon.

NB! Sjuke barn skal ikkje takast med på helsestasjonen. Kontakt då lege dersom behov.

Det er to helsestasjonar i Etne kommune,  i Etne og i Skånevik. Begge er i same lokale som legekontora.

Reisevaksine

Helsestasjonen tilbyr reisevaksine til barn og vaksne. Ta kontakt med oss for avtale. Hugs å vere ute i god tid før reisa!

Helsestasjonsbrosjyre

Brosjyre skulehelseteneste

Helsestasjon for ungdom

Barn og unge er også pårørande

 

 

Målgruppe

Born og unge i aldersgruppa 0-20 år, gravide og føresette

Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande

 

 


Barn i fleirspråklege familiar
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Småbarnsforeldres rettigheter (brosjyre)
Barn og unge er også pårørende
Helsestasjon for ungdom
Helsestasjonsbrosjyre
Skulehelsetenesta
Hjelpetilbud i kommunen
Testing av nyfødte
helsenorge.no - helsestasjon
Samarbeidspartnarar

Me har eit nært samarbeid med lege, fysioterapeut og jordmor og spesialisthelsetenesta. I tillegg barnehagar, skular og ppt og barneverntenesta

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå blant anna

Helse- og omsorgstenestelova kapittel 3
Pasient- og brukarrettslova kapittel 7.


Lover
Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Rettleiing
Helsestasjon 0-5 år
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Når du har født, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for anten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.

Klagemulighet

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Helse
Leder:Hilde Høyland
Kontaktpersonar
Elin Grindheim Hovda (Leiande helsesøster)
Telefon: 53758108
Mobil:
Telefaks:
Epost: elin.grindheim.hovda@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2017-12-19 12:05