Etne og Skånevik helsestasjon

Helsestasjonen i Etne

Telefon
53 75 81 08

Besøksadresse
Holmavegen 8, 
5590 Etne

Postadresse
Sjoarvegen 2, 
5590 Etne

Opningstider:  Måndag-fredag 09.00 – 15.00

 

Helsestasjonen i Skånevik

Telefon
53 75 85 02

Besøksadresse
Skånevikvegen 17, 
5593 Skånevik

Postadresse
Sjoarvegen 2, 
5590 Etne

Opningstider: Måndag og torsdag 09.00 – 15.00

Elles etter avtale.

 

Helsestasjonen og skulehelsetenesta har ansvar for førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge i alderen 0 – 20+ år. Desse førebyggjande helsetenestene omfattar svangerskapsomsorga, helsestasjon for barn 0 – 5 år, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.  

I tillegg har me eit helsetilbod til flyktningar/asylsøkjarar.

Tuberkulosearbeidet er ein del av tenesta vår, og me tilbyr reisevaksinasjon.

 

Helsestasjonen jobbar for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebyggje sjukdom og skade. Me utfører arbeidet vårt etter nasjonale retningslinjer, og fastsett helsestasjonsprogram. Me legg stor vekt på samspel og tilknytning mellom foreldre og barn, og tidleg innsats.

 

Helsestasjonen er ein stad der foreldre, barn og unge kan ta kontakt ved små og store problem. Me jobbar etter lågterskelprinsippet, det vil seie at det skal vere låg terskel for å ta kontakt.

NB! Sjuke barn skal ikkje takast med på helsestasjonen. Kontakt då lege dersom behov.

 

Helsestasjonstilbodet er gratis. Me har teieplikt.

 

Me har eit nært samarbeid med lege, fysioterapeut og jordmor.

 

Me tilbyr:

- Heimebesøk

- Sped- og småbarnsoppfølging

- Barselgrupper med jordmor, fysioterapeut og tannpleiar

- Individuelle kontrollar med fysioterapeut ved behov

- Vaksiner utfrå fastsett barnevaksinasjonsprogram

- Ammerettleiing

- Rettleiing og råd i høve ernæring/kost, søvn, fysisk og psykososial utvikling

- Rettleiing i høve samspel/ tilknytning

- Syns- og høyrsletest

- Samtalar til både foreldre, barn og unge

- Informasjon og rettleiing i forhold til prevensjon/samliv

- Undervisning ved skulane

- Tuberkulosearbeid

- Informasjon/rettleiing i høve helse til flyktningar/innvandrarar

- Helsestasjon for ungdom

 

Det er to helsestasjonar i Etne kommune,  i Etne og i Skånevik. Begge er i same lokale som legekontora.

 

Helsestasjonstenesta


Leiande helsesøster Elin Grindheim Hovda 100% st.
Mobil: 488 92 022

Helsesøster Anette Huse Borgen  100% st.
Mobil: 974 05 903

Helsesøster Synnøve Lovra Viskjer  80% st.
Mobil: 480 38 334

Helsesøster Margaret Bull-Tornøe  20% st.
Mobil: 905 87 150

Jordmor Marit M. Landa  20% st.
Timebestilling via legekontoret, tlf. 53 75 81 00

Helsestasjonslege Julie Rolland Jacobsen, Etne
Tlf. 53 75 81 08

Helsestasjonslege Mikkel Saxov, Skånevik
Tlf. 53 75 85 02

 

Helsestasjon 0 – 5 år 

Velkommen til Etne og Skånevik helsestasjon!

Helsestasjonen følgjer opp barnet og deira familie etter fastsett program frå Helsedirektoratet. Spesielt blir barnets fysiske og psykososiale utvikling vektlagt, og me vil gjerne vere ein stad der foreldre kan søke råd og rettleiing i høve barnet si fysiske, psykiske og sosiale helse. Her er de som foreldre velkomne til å ta kontakt om de har spørsmål, problem eller utfordringar i kvardagen.

Helsestasjonen mottek fødselsmelding frå barselavdelinga etter fødsel. Etter heimkomst tek me kontakt med dykk og tilbyr heimebesøk så snart som mogleg, og helst innan 10 dagar.

Her vil de og finne nyttig informasjon: http://www.helsestasjonstjenesten.no/familien/

 

Skulehelsetenesta PDF document ODT document

 

Brosjyre Barn og unge er også pårørande.pdf PDF document ODT document

 

Helsestasjon for ungdom PDF document ODT document

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til ungdom i alderen 13 – 20 (23) år. Her kan du  få hjelp i forhold til psykisk helse og svar på andre helsespørsmål. Du kan og få veiledning om prevensjon og seksuell helse.

Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod som betyr at ein ikkje treng avtale eller henvisning for å ta kontakt. Her kan du komme dersom det er noko du lurer på. Mekan og formidle kontakt til andre instansar om det skulle vere naudsynt, som til dømes lege.

Me har teieplikt.

Me har open helsestasjon for ungdom kvar onsdag kl 11 – 15 på Etne helsestasjon

 

 

Helsetilbod til flyktningar og asylsøkjarar

Asylsøkjarar og flyktningar som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen, har rett til nødvendige helsetenester på lik linje med andre som oppheld seg i kommunen. Helsetilbodet til kommunen skal sørgje for at asylsøkjarar og flyktningar får nødvendig somatisk og psykisk helsehjelp.

Helsestasjonen har ansvar for helsedelen i flyktningtenesta, og samarbeider med flyktningkonsulent og andre tilsette i denne tenesta.

Me hjelper nykomne flyktningar til å få nødvendig helsehjelp i startfasen, og at de får informasjon om det norske helsevesenet.

Alle under 18 år tilbys gratis vaksiner i tråd med det norske barnevaksinasjonsprogrammet.

Me tilbyr også undervisning i høve helse i introduksjonsprogrammet, og har samarbeid med tilsette i psykisk helse.

 

Tuberkulosekontroll

Me utfører lovpålagt tuberkulosekontroll av alle som kjem fra land med høg forekomst av tuberkulose.

Reisevaksine

Helsestasjonen tilbyr reisevaksine til barn og vaksne. Ta kontakt med oss for avtale. Hugs å vere ute i god tid før reisa!

 

 

Lovar og retningsliner

Dette er lovpålagde tenester.

Forvaltningsloven

Lov om pasient- og brukerrettigheter kap. 7 (Klage)

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-2 (Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester)

Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten.

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/asylsokere-flyktninger-og-familiegjenforente

 

Klage

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til helsestasjonen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, mel dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut