Helsetenester i heimen | |||||
Oppdatert: 20.09.2018 12:08 | |||||
Generelt | |||||
Alternativt navn Heimesjukepleie | |||||
Omtale Formålet med tenesta er å gje heimebuande personar nødvendig og forsvarleg helsehjelp, på same tid som grunnleggande behov vert dekte slik at brukaren kan bu i eigen bustad så lenge som mogleg. Tenestene skal ytas på ein slik måte at brukaren opprettheld eller forbetrar sitt funksjonsnivå så langt som mogleg. Før varige hjelpetiltak etableras skal tilrettelegging av bustad, omsorgsteknologi/ tekniske hjelpemidlar, kvardagsrehabilitering og annan form for rehabilitering/opplæring være prøvd eller vurdert. Helsetenester i heimen kan innebere:
Tenesta omfattar ikkje:
| |||||
Målgruppe Heimebuande som er avhengig av hjelp i eigen heim for å få dekkja grunnleggande helse- og omsorgsbehov, og som ikkje sjølv kan oppsøkje helsehjelp pga sjukdom eller funksjonsnedsetting, eller som av andre grunnar har behov for at helsetenesta ytes i heimen. Helsetenester i heimen vert gitt til personar i alle aldersgrupper.
| |||||
Kriterium/vilkår Det er pasientens medisinske tilstand og situasjon, som avgjer:
Kartlegging av pasientens behov med iplos vurdering, skal gjennomførast. Medisinske opplysningar frå fastlege skal innhentast. Kommunen stiller krav om at søkjar tillèt montering /plassering av naudsynte hjelpemiddel i eigen heim for at hjelpepersonell kan utføre arbeidet. Kommunen forventar at søkjar legg forholda til rette for eit forsvarleg arbeidsmiljø, med tanke på at tenesteytar har mogleghet for god handhygiene (såpedispenser og tørkepapir), fysisk belastning, romtemperatur, husdyr og røyk. Vegar skal vera brøyta og strødde slik at tenesteytar kjem fram til heimen. | |||||
Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten Brosjyre Demenskoordinator Brosjyre Kreftkoordinator kvardagsrehabilitering Hjelpetilbud i kommunen Samhandling mellom helse- og omsorgstjenesten i kommunene og tros- og livssynssamfunn | |||||
Praktiske opplysninger | |||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimesjukepleie, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt. | |||||
Skjema Søknad om helse- og omsorgstenester | |||||
Vedlegg Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg. | |||||
Søknadsfrist Søknadane vert handsama fortløpande. | |||||
Søknaden sendes til Etne Kommune, v/ pleie- og omsorg, Sjoarvegen 2, 5590 Etne | |||||
Sakshandsaming Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
| |||||
Sakshandsamingstid Kommunen skal handsama saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
| |||||
Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket. Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til Etne kommune v/ pleie og omsorgsleiar. | |||||
Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
Andre opplysningar | |||||
Dato oppdatert 2018-09-20 12:08 |