
Her er vinnaren av iPad mini
Sigvald Mokleiv får ikkje lenger papirfaktura frå Etne kommune.
![]() |
Den heldige vinnaren Sigvald Mokleiv kom innom økonomiavdelinga på Tinghuset for å hente premien og helse på. Her saman med leiar for økonomiavdelinga Vegard Bang og Turid Fosse Becker. |
Mokleiv bur på Sørstranda og er ein av femhundre som oppretta eFaktura eller AvtaleGiro med kommunen.
Etne kommune har i vinter hatt ein kampanje der alle som oppretta eFaktura eller Autogiro var med i trekninga av ein iPad mini. Nå kan altså Mokleiv nytta iPaden til å surfe på nettet og følgje med på rekningane han får frå kommunen. Eller kanskje han venta til fredag 19. april med å pakke den ut, for då har han nemleg bursdag.
Me håpar framleis at fleire vil nytte seg av eFaktura og AvtaleGiro.