Hilde Høyland

Hilde Høyland er tilsett som kommunalsjef for Helse og omsorg

Hilde har jobba som helseleiar for Etne kommune sidan 2015 og er godt kjent i organisasjonen. 

Ho er 42 år, er sambuar, har tre barn og to bonusbarn, er oppvaksen i Etne og har dei siste femten åra vore busett i kommunen.

-Eg gler meg til å få vera med å påverka og utvikla vidare dei gode helse- og omsorgstenestene me har i kommunen. Det skal bli kjekt å få bli enda betre kjent med dei tenestene som eg har samarbeida med dei siste åra. Eg opplever at me har mange dyktige tilsette i tenestene som gjer ein forskjell for våre innbyggjarar kvar dag, og som er med og bidrar til gode helse- og omsorgstenester, seier Hilde Høyland.

Hilde har vore konstituert i stillinga sidan midten av mars.
Stillinga har vore utlyst og etter runden med intervju av fleire kandidatar så var det Hilde som var den føretrekte kandidaten.

- I Hilde har me funne den som fyller det me ser etter. Ho har lang erfaring innan helsetenester, er kjend med kommunen og er tydeleg og inkluderande i sitt leiarskap. Me gler oss veldig til å få Hilde på laget for å vidare utvikla Etne kommune, seier Bjørn Tollefsen, kommunedirektør.

Tips ein ven  Skriv ut