HIM tek over slamtømminga

Frå 1. januar 2016 har HIM overteke ansvaret for administrering av slamtømming og innkreving av slamgebyr for HIM-kommunane. Det medfører nokre endringar både for abonnentane, kommunane og HIM.

HIM.png1 – Nye anlegg
Det er framleis kommunane som er rett stad å vende seg til for å søke om nye anlegg/utsleppsløyve.

2 – Søknad om fritak
Det er HIM som skal handtere søknader om fritak ved stenging av anlegg. 

3 – Faktura
Det er HIM som skal kontaktast om fakturaer og betaling ved høve som gjeld frå 1. januar 2016. Tilhøve/fakturaspørsmål som gjeld 2015 og eldre skal den enkelte kommune ta seg av. Faktura med slamgebyr for 1. halvår 2016 vil bli sendt ut i mars/april. Etter det vil slamgebyr bli fakturert saman med renovasjonsavgifta.

4 – Tømming
Tømming skal utførast av firmaet SJT Miljø AS på vegne av HIM IKS. SJT varslar om tømming ca. 2 veker på førehand. Bestilling av ekstra tømming skjer ved å venda seg til HIM, tlf. 52 76 50 50.

5 – Nødtømming (innan 24 timer)
For tømming i helger, helligdagar og utanom ordinære opningstider som må utførast innan 24 timar, skal SJT kontaktast direkte på vakttelefon.
Tlf: 982 98 366, Christian Wathne

Sjå HIM si heimeside for meir informasjon og prisar.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut