Historisk markering i Skånevik 7. juni kl 16

Snublestein

Torsdag 7. juni blir det nedlegging av tre Snublesteinar i Skånevik. 

2018-06-06

Markeringa er for å minnast den unge familien Reichwald som søkte tilflukt i Skånevik under 2. verdskrigen. Hans Reichwald, Edith (f. Rabinowitz) og sonen Harry (2 år) blei arresterte og var blant dei mange jødane som enda sine dagar i konsentrasjonsleir.

Snublesteinar er minnesmerke over offer for Holocaust. I Skånevik blir snublesteinane støypte ned utanfor der Reichwald hadde sykkelverkstad, no Olsen sin butikk. Initiativtakar Gunter Demnig er tilstades saman med representantar for 26. novemberkomiteen, Jødisk museum og Etne kommune.

Det blir ei kort og roleg markering. Etne kommune set stor pris på at ein viktig del av historia vår blir løfta fram og oppmodar folk om å møta fram.

 

Tip a friendTips ein ven