Du er her: Heim Tenester A-Å

Hjelpemiddelformidling

Oppdatert: 15.02.2019 10:33
Generelt
Omtale

Hjelpemiddel kan lånast for ein kortare eller lengre periode. Hjelpemiddel blir gitt ut frå ei heilheitleg vurdering av situasjonen din, med utgangspunkt i dei omgivnadane du skal fungera i. Tekniske hjelpemidler er ofte eit av fleire tiltak, og må sjåast i samanheng med trening, læring, andre kompenserande teknikkar, samt tilrettelegging og utforming av omgivnadane.

Kommunen er ansvarleg for kartlegging, utgreiing, opplæring i bruk og oppfølging. Ansvar for blant anna distribusjon og reparasjon blir regulert i ein samarbeidsavtale mellom kommunen og hjelpemiddelsentralen.

Kommunen har eit kommunalt hjelpemiddellager, med hjelpemidler til innbyggjarar med kortvarig/akutt behov for hjelpemiddel. På dette korttidslageret finst hjelpemidler som det er kontinuerlig etterspørsel etter, som t.d krykker, stokker, rullatorer, dusjstoler, sjukesenger og rullestoler.

Kommunale institusjonar har ansvar for å dekka vanleg institusjonsutstyr. Folketrygda kan derimot innvilga hjelpemidler til personleg bruk, t.d individuelt tilpassa rullestol, hørselsutstyr og lese- og skrivehjelpemidler.

Kriterium/vilkår

Du har nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.

Personar med vesentleg og varig (over 2 år) nedsett funksjonsevne har rett til hjelpemiddel gjennom folketrygdlova. Regelverket er nærare presisert i forskrifter og rundskriv. Ved behov som varer under 2 år, blir nokre hjelpemiddel utlånt fra kommunen.

Samarbeidspartnarar

Øyane Asvo AS

Kommunen leiger lokal hjå Øyane Asvo AS til kommunalt hjelpemiddellager, samt kjøper tenester for utføring av oppgåver knytta til hjelpemiddel. Dette vil sei at Asvo er mottaksstad for hjelpemiddel til/frå hjelpemiddelsentralen, distribuerer hjelpemidla til/frå brukar v/behov, står for logistikk, reparasjon, reinhald og service av kommunale hjelpemidler, m.m.

NAV

Nav Hjelpemiddelsentral i fylket

Spesialisthelsetenesta

Leverandørar av hjelpemiddel

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå

Folketrygdloven kap. 10 
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1 og § 3-2 
Forskrift om habilitering og rehabilitering § 9 og § 22


Lover
Folketrygdloven
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Forskrifter
Forskrift om habilitering og rehabilitering
Forskrift om hjelpemiddelsentralene
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel, då høvesvis ergo-/fysioterapitenesta, men pleie-og omsorgstenesta kan også bista. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, bistår kommunen med å skriva og senda søknad til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

Korleis søkja om hjelpemidler

Bestillingsordninga

Brukerpass

Individuell plan

Sakshandsaming

Kommunen kartlegg hjelpebehova dine. Normalt vil vi kome på heimebesøk. For tildeling av hjelpemiddel til varig bruk blir det gjort eit vedtak etter folketrygdlova. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt hjelpemiddelet eller ikkje. Dersom du får avslag, skal du samtidig ha ei grunngjeving for avslaget.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg, og som oftast blir saka handsama etter venteliste.

Dersom det vert sendt inn søknad til Nav Hjelpemiddelsentral har desse plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Du kan klage på avslag om å få tildelt tekniske hjelpemiddel til varig bruk innan ein frist på seks veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket. I klagen skal du føre opp kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom Hjelpemiddelsentralen lèt avgjerda stå, blir saka send vidare til Nav Klageeining, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Høvet til å klage er heimla i den enkelte lova (sjå avsnittet om lover og retningsliner). Fylkesmannen er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovene.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Helse
Leder:Hilde Høyland
Kontaktpersonar
Elisabeth Høiland (Kommunal fysioterapeut)
Telefon: 53758115
Mobil: 95435324
Telefaks:
Epost: Elisabeth.Hoiland@etne.kommune.no
Sylvia Thör (Kommunal fysioterapeut)
Telefon: 53758557
Mobil: 97502757
Telefaks:
Epost: sylvia.thor@etne.kommune.no
Anita Sørheim (Ergoterapeut)
Telefon: 53758115
Mobil: 48898663
Telefaks:
Epost: anita.sorheim@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2019-02-15 10:33