Du er her: Heim Legat

Høyland's legat

Legatet er ei gåve til Etne kommune frå Minnie M. Enes, født Rygg, og James T. Enes. Legatet skal brukast til kunstnarleg prynad av kommunale bygg og anlegg i Etne kommune. Det er vedtatt følgjande vedtekter for legatet:
 

1. Legatet er ei gåve til Etne kommune frå Minnie M Enes (Rygg) og James T. Enes, siste bustad Carliforne og har fått namnet Høyland's legat. Legatet sin kapital er kr. 100.000,- eithundretusenkroner- og denne hovudstolen skal ikkje brukast.
 

2. Legatet si renteinnkoma skal brukast til kunstnarleg prynad (tildømes minnesmerke, statuer, biletkunst og anna kunst) av kommunale bygg og anlegg i Etne kommune, herunder kjem kyrkjer og kyrkjegardar. Vert midlane ikkje brukte eit år, vert dei å leggje til kapitalen, men kan brukast eit anna år.
 

3. Legatet skal styrast av Etne formannskap. Dei skal taka avgjerd om kvar renteinnkoma skal brukast til etter framlegg frå kulturstyret. Kommunekasseraren skal fora rekneskapen som vert å leggja fram for formannskapet til godkjenning.
 

4. Framlegg til endring av desse vedtekter vert å leggja fram for kommunestyret som tek avgjerd med 2/3 fleirtal.