Høyring av framlegg til detaljreguleringsplan for fritidsbustader gnr. 140, bnr. 4 m. fl., Mortveit.

Komité forvaltning har i sak 5/11 i møte 17.11.11 vedteke at detaljreguleringsplan for fritidsbustader gnr. 140, bnr. 4 m. fl., Mortveit skal leggast ut til offentleg ettersyn etter §§ 12-10 og 12-11 i Plan- og Bygningslova.
Framlegg til reguleringsplan er også lagt ut til offentlig ettersyn på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 30.

Eventuelle merknader til planframlegget kan stilast til Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no.

Merknader må sendast inn innan måndag 30.januar 2012 (6 veker etter at annonsen står i avisa)

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut