Høyring forskrift for kva skule dei ulike områda i Etne kommune soknar til

Høyringsfrist 05.06.2015

Kommunestyret vedtok i møte 12.05.2015 å leggja ned Rygg skule gjeldande frå 01.08.2015 (K-sak 027/15). Kommunestyret vedtok i same møte at elevane frå Rygg skule vert overførte til Enge skule.

Forvaltningslova kap. VII om forskrifter vil gjelda ved endringar av forskrift om skulekrinsgrenser. Det vil seia at institusjonar og organisasjonar som forskrifta får innverknad på, skal få uttala seg før forskrifta vert vedteken, endra eller oppheva.

Denne høyringa gjeld forskriftsendring p.g.a endra skulestruktur som følgje av K-vedtak 027/15. Forskriftsendringa får verknad for elevar på 1.-4. årsteg frå krinsane Rygg, Grønstad og Sævareid. Forskrifta tek også føre seg kva skule dei andre krinsane i kommunen soknar til.

Forskrifta skal handsamast i kommunestyret 16.06.2015.
Sjølv om sparepakke oppvekst der Rygg skule var foreslått nedlagt var på høyring, krev Forvaltningslova at også forskriftsendringa må sendast ut på høyring.
Rådmannen sender med dette forskrifta ut på høyring med høyringsfrist 05.06.2015

Høyringssvar sendast på e-post til firmapost@etne.kommune.no og merkjast «Høyring forskrift skulekrinsgrenser».

Høyringssvar kan også sendast via posten til:
Etne kommune
Tenesterådgjeving
Boks 54
5591 Etne

Høyring - Forskrift om skulekrinsar i Etne kommune.pdf

Høyringsbrev forskrift for kva skule dei ulike områda i Etne kommune soknar til.pdf

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut