Avløp-down-the-drain-3-1259270

Høyring ny forskrift om vass- og avløpsgebyr

Etne kommune har utarbeidd forslag til ny lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr gjeldande frå 01.01.2017.

Utkastet til forskrift vart handsama i Komite Drift 08.06.2016.

 

Forslag til ny forskrift finn de under denne lenka. Dokumentet ligg også på Tenestetorget i Etne Tinghus.

 

Forslag til ny forskrift ligg ute til offentleg ettersyn med høyringsfrist 15.08.2016.

 

Eventuelle merknader til forskrifta kan sendast Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne eller ved e-post til: post@etne.kommune.no   

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut