Etne omsorgssenter

Høyring om ny lokal forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim

Ny § 3-2 a andre ledd i helse- og omsorgstenestelova inneber ei plikt for den einskilde kommune å utarbeida ei kommunal forskrift med kriteriar for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagt for heildøgnstenester. Forskrifta skal omfatta pasientar og brukarar som vil vera best tent med langtidsopphald, men der kommunen vurderer at vedkommande med forsvarlege tenester frå kommunen kan bu i heimen i påvente av langtidsopphald.

I pasient- og brukarrettigheitslova ny § 2-1 a andre ledd er det bestemt at pasient og brukarar som fyller kommunen sine kriterier, men som med forsvarleg hjelp kan bu i heimen i påvente av langtidsopphald, skal ha rett til vedtak. Vedtaket inneber at vedkommande er kvalifisert for langtidsplass og skal førast på venteliste. Ny § 3-2 a fjerde ledd i helse- og omsorgstenestelova pålegg kommunen å føra ventelister over pasientar eller brukarar som vente på langtidsopphald.
Den kommunale forskrifta må vera vedteken slik at den kan tre i kraft 1. juli 2017.

Forskrift med kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns omsorg. Etne kommune. Hordaland. Vert med dette lagt ut til høyring med svarfrist 1. april 2017.
Svar kan sendast til firmapost@etne.kommune.no

Vedlegg:
Lokal forskrift for  Etne kommune

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut