Enge_bh3_250x333

Hovudopptak/samordna opptak til barnehagane i Etne kommune

I Etne kommune er det for tida tre kommunale (Enge barnehage, Skånevik barnehage og Rygg barnehage) og ein privat barnehage (Småfolk barnehage).

Foreldre kan søkja barnehageplass heile året, men grunna planlegging av nytt barnehageår, vert søknadsfristen for hovudopptak til barnehageplass med oppstart straks etter sommarferien sett til 01.03.2013. Fristen gjeld også for å vera sikra lovfesta rett til barnehageplass. Barn som allereie har plass, treng ikkje søkja på nytt.

Ein oppfordrar til å søkja plass via nettsida til Etne kommune.
Klikk for søknadsskjema.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut