Hovudopptak/samordna opptak til barnehagane

folk20

I Etne kommune er det frå hausten 2018 to kommunale barnehagar: Enge barnehage og Skånevik barnehage (Rygg barnehage vert lagt ned frå august 2018) og ein privat barnehage: Småfolk barnehage.

2015-01-30

Foreldre kan søkja barnehageplass heile året, men grunna planleggjing av nytt barnehageår, vert søknadsfristen for hovudopptak til barnehageplass med oppstart straks etter sommarferien sett til 01.03.2018. Fristen gjeld også for å vera sikra lovfesta rett til barnehageplass.

Barn som allereie har plass, treng ikkje søkja på nytt.

 

Born som fyller eitt år innan november, har lovfesta rett til barnehageplass.

Ein må søkja om barnehageplass innan 1. mars for å oppfylla retten til barnehageplass.
Born som fyller eitt år innan november, kan søkja om plass frå 1. august, men treng ikkje nytta plassen før dei fyller eitt år.

  • Søknad om endring av opphaldstid har søknadsfrist 15.02.2018.
  • Søknad om ny barnehage for born som går i Rygg barnehage, har søknadsfrist 15.02.2018.
  • Born med plass i barnehage etter 2. eller 3. alternativ og som står på venteliste til høgare alternativ, kan søkja om plass i førstealternativsbarnehage.
    Søknadsfrist 15.02.2018
  • Søknad om:
    - ny barnehageplass
    - endra opphaldstid
    - ny barnehage for born i Rygg barnehage
    - plass ved førstealternativsbarnehage (for dei som står på venteliste)
    gjer ein via nettsida til Etne kommune.

 

Klikk for søknadsskjema for plass etter 1. august.

 

Opptaket skal vera ferdig innan 01.04.2018. Det vert då sendt ut svar til alle søkjarar.

Tip a friendTips ein ven