Opning hurtigladestasjon_450x253_450x253

Hurtigladestasjon opna

 

På bildet: Ordførar Sigve Sørheim, Hordaland Fylkeskommune v/Marion Kallevik og Etne elektrisitetslag v/Bjarne Sævereide

Arbeidet med ladestasjonen har vore eit samarbeid mellom Hordaland Fylkeskommune, Etne elektrisitetslag, Etne Senter og Etne kommune. Hordaland Fylkeskommune har gjennom fleire år hatt dette som eit større satsingsområde for heile fylket. Ladestasjonen finn du aust på parkeringsplassen ved Etne Senter.

Det er en ABB-ladar av typen Terra 53 CJG, faktisk den andre sett i drift i heile verda. Den første var tilsvarande ladar i Rosendal i Kvinnherad, som blei opna for kort tid sidan.

Ladaren er reine Kinderegget for elektrisk samferdsel. Den ladar for eksempel Nissan Leaf med CHAdeMO-pluggen, BMW i3 gjennom CCS/Combo-pluggen eller Tesla Model S og Renault Zoe med Type 2-pluggen (som truleg blir montert i mai). Terra 53 CJG står altså for følgjande:

C=CCS/COMBO (50 kW DC, BMWi3, Volkswagen eUP!)
J=CHADEMO (50 kW DC, Nissan Leaf, Mitsubishi MiEV)
G=TYPE2 HURTIG AC (43 kW AC, Renault Zoe (43 kW), Tesla Model S (22 kW))

 

Gratulera med opning og velkommen til påfyll!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut