HurtigladingWebTilpasset

Hurtigladestasjon til hausten

Nå kan du kjøre innom Etne Senter og lade elbilen til hausten.

Etter at prosjektet om å etablere ein stasjon i Etne fekk avslag om støtte frå Transnova har Hordaland Fylkeskommune arbeidd med å finne alternativ finansiering av prosjektet. Dei har no funne midlar over sin klimaplan til å dekkje eit beløp tilsvarande støtta frå Transnova (200 000 kr) og i tillegg 40 000 kr slik at ladestasjonen også vil inkludere den nye ladestandarden som no er på marknaden.

Stasjonen er dermed fullfinansiert og vil kunne byggjast på same tid som stasjonane i Eidfjord, Norheimsund og Rosendal.

10 min hurtiglading
På 10 minutt vert bilen hurtiglada frå 60% til 80% energi, meir en nok til ein 2 timars tur. Ved nesten tomme batteri tek det ein halv time å hurtiglade batteria opp til 80%. Med elbil er det gratis ferje og bomring. Tur/retur med elbil Bergen-Stord kan du spare omlag 450 kroner på.

Elbil lønar seg økonomisk
Ein elbil brukar omlag 2 kWh per mil. Dette gjer at energikostnaden vert omlag ei krone per mil mot 7 - 10 kroner for drivstoff til ein fossilbil. I tillegg er det gratis ferje, brupassering, bomring og parkering. Vegavgifta er ein tidel av elles og forsikring er også rimelegare. Dette gjer at elbilsalet i Noreg eksploderar for tida. Noreg har 1 % av folkemengda i Europa, men 13 % av elbilsalet! Mange kjøper elbil som nr. 2 bil. Men dei erfarer fort at dette vert nr. 1 bil, sidan han koster det same, er like trygg og god og mykje rimelegare i drift.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut